Aktuelt

Statlege midlar til Regionale kulturfond skal vere eit supplement til dagens ordningar for kulturfeltet

Eit av tiltaka i regjeringa si strategi for det frivillige kulturlivet, er lansering av regionale kulturfond. Det er satt av 75 mill. kr. til fonda i statsbudsjettet for 2025, som vert fordelt av fylka. I Vestland er dette om lag 7,4 mill. kr. 
På møte med informasjon og innspel til kulturfondet i februar, opplyste fylkeskommunen at fylket bidreg til fondet med midlar frå eksisterande fylkeskommunale ordningar for kulturen. Av desse er ca 400 000 friske midlar fra fylket. Fondet blir då totalt på 15 mill. kr. i 2025. 

I høyringsnotatet knytt til utforming av forskrifta skriv regjeringa at kulturfonda skal supplere, ikkje overlappe ordningar som alt finns. 

«Dette forventar vi at fylket følgjer opp. Kulturfondet skal prioritere å styrke det frivillige kulturlivet og samspelet mellom det profesjonelle og det frivillige kulturlivet, slik og staten har lagt inn som sine føringar for kulturfondet», dette seier styreleiar Sebastian Kvamsdal Kaasa.

«Vestland kulturkrets vil arbeide for at det regionale kulturfondet bidreg til å styrke alle deler av det frivillige kulturlivet. Midlar til fondet må bli tilført som friske midlar både frå stat og fylket i åra som kjem, utan at det svekkar dagens ordningar.» fortsettar han. 


Presentasjon frå fylkeskommunen fra februar finner du her.

Inkluderingsdugnad 2025 i Vestland kulturkrets

Frivillige kulturorganisasjonar er opne for alle som vil vere med og kan vere viktige arenaer for inkludering. 

Kulturkretsen har fått støtte frå Kulturtanken til å auke kunnskapen om kva for inkluderingstiltak organisasjonane nytter seg av og kva som må til for å lukkast. Målet er få ei oversikt over tiltak knytt til ulike integreringsutfordringar, og ta lærdom av desse tiltaka. Vi har som fyrste steg hatt ute eit spørjeskjema der vi har bedt om tilbakemelding på konkrete tiltak. Vi takkar alle som svarte på spørjeskjema. Svara nyttar vi no som grunnlag for tre arbeidsmøte der vi skal utfordre kvarandre på gode inkluderande tiltak knytt både til ulike aldersgrupper, funksjonsnedsetting, sosiale utfordringar eller tilflyttarar. Til hausten skal vi samle trådane i ei felles samling for å konkretisere ulike tiltak og viktige suksesskriterium. Prosessen skal gje den einskilde organisasjon og oss som eit større fellesskap, betre kunnskap om inkluderingstiltak og kva som må til for at tiltaka skal virke slik vi ynskjer, inkluderande kultur og kva som skal til for å lukkast. 

Spørsmål om prosessen og anna informasjon de ynskjer å dele med oss, kan de rette til Svein Arne Skuggen på e-post: sveinarne@planogprosess.no.

Vestland Kulturkrets - Formål

Formålet med Vestland Kulturkrets er å styrke dei frivillige kulturorganisasjonane i Vestland økonomisk, organisatorisk, kompetansemessig og kulturpolitisk. Kulturkretsen skal arbeide for å styrke rammevilkåra for det frivillige kulturlivet og vere ein aktiv aktør i utvikling av regional og nasjonal kulturpolitikk.

Kulturkretsen skal søke å nå måla ved å

  • Være bindeledd mellom dei fylkesdekkande og regionale aktørane innan kulturfeltet

  • Medverke til større interesse og forståing for det frivillige arbeidet innan heile bredda av kulturlivet.

  • Vere eit talerøyr på vegne av dei regionale frivillige aktørane i deira faglege og økonomiske interesser i høve offentlege etatar og organisasjonar

  • Arbeide for auka ressursar til det frivillige kulturlivet innanfor fylket

  • Etablere eit sterkare fellesskap, skape større merksemd og gjere kvardagen enklare for dei regionale frivillige kulturorganisasjonane

  • Bidra til auka kunnskap om det frivillige arbeidet til kulturlivet i fylket.

  • Vere ein samarbeidsaktør med dei administrative regionale organa i å utvikle dei kulturpolitiske verkemidla

  • Vere eit kulturpolitisk samarbeidsforum og verkstad for dei regionale frivillige kulturorganisasjonane og arbeide med saker som løftar heile det frivillige kulturlivet i fylket.

  • Vere hovudkontaktpunkt for fylkeskommunen og andre private og offentlege aktørar i felles spørsmål for det frivillige kulturlivet

  • Vere talerøyr for dei sakene som står på kulturkretsen sin agenda.

  • Ha naudsynt kunnskap om det frivillige kulturlivet i fylket og om deira behov.

    For å kunne nå desse ambisjonane vil vi prioritert desse strategiane i 2025:

  • Dialog med alle fylkesdekkande kulturorganisasjonar som grunnlag for å skape engasjement rundt etableringa av og arbeidet i Vestland kulturkrets

  • Etablere ein systematisk dialog og kontakt med fylkeskommunen og staten

  • Konkretisere uavklarte spørsmål og problemstillingar som er avgjerande for at kulturkretsen skal fungere etter intensjonen.

  • Gjennomføre eit prosjekt for å auke mangfaldet i kulturlivet i Vestland, og for å opne fleire vegar fram til deltaking for born og unge.

Sånn startet det

Stiftingsmøte vart halde 07.12.2024 i Førde.

Følgjande organisasjonar deltok på stiftingsmøtet:

  • Vestland kulturvernettverk

  • Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane

  • Sogn og Fjordan folkemusikklag

  • Sogn og Fjordane ungdomslag

  • Sogn og Fjordane husflidslag

  • Norges musikkkorpsforbund Hordaland

  • Vestland kulturråd

  • Norges musikkorpsforbund Nordvest

  • Vestland musikkråd

  • Memoar Vestland

  • Vestland fylkeskunstlag

Stiftingsmøtet gjorde følgjande vedtak:

Vestland kulturkrets vert stifta som sjølvstendig organisasjon. Framlegg til vedtekter datert 08.11.2024 vart vedtekne fram til fyrste årsmøte.

Interimsstyret består av:

  • Sebastian Kaasa, Memoar Vestland, leiar

  • Svein Arne Skuggen Hoff, Vestland fylkeskunstlag, nestleiar

  • Åsmund Aasebø - Vestland Musikkråd

  • Eivind Hermansen - Norges musikkkorpsforbund Hordaland

  • Geir Elling Eikenes - Vestland Kulturråd

  • Inger Christine Årstad - Vestland Kulturvernnettverk

Vararepresentantar:

  • Aina Brendsdal Forthun - Norges musikkorpsforbund Nordvest

  • Geir Storrø - Vestland Kulturråd

  • Anne Mabel Nybakk - Vestland fylkeskunstlag

Interimsstyret skal førebu gjennomføring av fyrste årsmøte i løpet av fyrste halvdel av 2025 der dei skal behandla:

  • vedta reviderte vedtekter

  • velge nytt ordinært styre, valnemnd og revisor

Kvem er med?

Her vil det komme en oversikt over medlemsorganisasjonene i Vestland kulturkrets, og kontaktinformasjon. Dette kommer på plass etter årsmøte avholdes våren 2025

  • It all begins with an idea. Maybe you want to launch a business. Maybe you want to turn a hobby into something more.

  • It all begins with an idea. Maybe you want to launch a business. Maybe you want to turn a hobby into something more.

  • It all begins with an idea. Maybe you want to launch a business. Maybe you want to turn a hobby into something more.

  • Item description
  • It all begins with an idea. Maybe you want to launch a business. Maybe you want to turn a hobby into something more.

  • It all begins with an idea. Maybe you want to launch a business. Maybe you want to turn a hobby into something more.

  • It all begins with an idea. Maybe you want to launch a business. Maybe you want to turn a hobby into something more.

  • Item description

Styremedlemmer

  • Sebastian Kvamsdal Kaasa

    Organisasjon: Memoar
    Kontaktinfo: sebastian@memoar.no

  • Svein Arne Skuggen Hoff

    Organisasjon: Vestland fylkeskunstlag
    Kontaktinfo: sveinarne@planogprosess.no

  • Åsmund Aasebø

    Organisasjon: Vestland Musikkråd
    Kontaktinfo:
    aasmund.aaseboe@hotmail.com

  • Eivind Hermansen

    Organisasjon: Norges Musikkorps Forbund - Hordaland
    Kontaktinfo: eivind@midtunvekst.no

  • Geir Elling Eikenes

    Organisasjon: Vestland Kulturråd
    Kontaktinfo: geir@amatorkultur.no

  • Inger Christine Årstad

    Organisasjon: Vestland kulturvernnettverk
    Kontaktinfo: vestland@kulturvern.no

  • Vara: Aina Brendsdal Forthun

    Organisasjon: Norges Musikkorps Forbund – Nordvest
    Kontaktinfo: aina84@hotmail.com

  • Vara: Geir Storrø

    Organisasjon: Vestland Kulturråd
    Kontaktinfo: post@vestlandkulturrad.no

  • Vara: Anne Mabel Nybakk

    Organisasjon: Vestland fylkeskunstlag
    Kontaktinfo: anne.mabel.nybakk@enivest.net

Møtereferater

Møteoversikt

Legg inn lenke til møteplan her:

Møteplan Vinter/vår 2025

Andre dokumenter

Legg in lenke til eventuelle andre dokumenter her:

Stiftelsesdokument